KLASSAR MED REDUSERT ELEVTAL
Klassar med redusert elevtal er for elevar som treng særskilt tilrettelagt opplæring. Det kan vera 4 - 6 elevar i kvar klasse. Alle elevane har individuelle opplæringsplanar. Elevane har 30 t/v.
All opplæring tek sikte på å betre elevens generelle funksjonsnivå, og det vert lagt stor vekt på sosial tilpassing, sjølvstende og gode arbeidsvaner. Forutan å utvikle eleven sin kompetanse i det einskilde fag er det eit viktig mål for opplæringa å førebu eleven til ein meningsfull arbeids-, bu-, og fritidssituasjon.
Særskilt tilrettelagt opplæring på Bergen tekniske fagskole passar for elevar som går i mindre grupper (spesialgrupper) i grunnskulen. Elevane som skal søkast inn i denne gruppa må søkast inn på særskilt grunnlag,
og søknadsfristen er 1. februar.