Digitroll
 publiseringsverktøy
Fagretninger - STO - TIV - MER INFO
Avdelinga vår ligg i Haugevegen / Margaretastredet på Nordnes. Hovedinngangen er i Haugevegen, medan adressa til huset er Margaretastredet 2.
 
Avdelingen vår starta opp hausten 2004 - i nyoppussa lokale. Her er store, lyse klasserom og romslege bad.
 
KVARDAGSLIVSTRENING
 
Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov. Ifølgje Rammeplan for programområdet Kvardagslivstrening er:
 
Føremålet med opplæringa er at kvar elev ut frå sine føresetnader og røynsler skal få høve til å oppdage og utforske omverda. Opplæringa skal og ha som føremål å styrkje sjølvkjensla til elevane og gje dei auka tiltru til eigne evner. Vidare skal opplæringa streve mot å utvikle sjølvtilliten, personlegdomen og kjenslelivet til elevane og skape gode føresetnader for å utvikle forståing for og evne til å kommunisere med omgjevnadene. Føremålet er såleis å gje elevane ei allsidig utvikling som eit godt grunnlag for eit meiningsfylt og mest mogeleg sjølvstendig vaksenliv.
 
Etter avslutta opplæring i klasse for Kvardsgsliv, er det eit Dagsenter - tilbod som er mest aktuelt.
 
ARBEIDSTRENING
 
Opplæringa skal gje elevane høve til å førebu seg til arbeidslivet gjennom teoretisk og praktisk opplæring. Arbeidstreninga tek utgangspunkt i resirkulering av IKT - utstyr og undervisninga er retta mot å lære om korleis innsamling og resirkulering av IKT - utstyr foregår. Undervisninga er både teoretisk og praktisk retta. Faget er basert på opp til 10 t/v og elevane arbeider ved individuelle arbeidsstasjonar. I målet for læreplanen ligg og integrert undervisning i norsk og matematikk. Arbeidsutplassering er også ein viktig del av opplæringa i denne klassen, og arbeidsutplasseringa kan vera både i vekstbedrift (VTA-bedrift) eller i ordinært arbeidsliv.
 
Ifølgje rammeplan for programområdet arbeidstrening har me desse fagområda:
 
Fellesfaga: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, kroppsøving og samfunnslære.
 
Programfag: Helse - og sosialfag.
 
Prosjekt til fordjupning: Arbeidstrening, prosjekt, valgfag.